Bringebær er supermat!
Fulle av vitaminer og antioksidanter. No er bringebær tilgjengeleg heile året, et difor bringebær når du måtte ynskja det, dei passar til alle måltid. Frukost med bær og yoghurt, i smoothies, som mellommåltid og til dessert.
Som så mange andre bær treng bringebær ingen tilberedning. Bringebær er kanskje aller best naturell. Friske bringebær er anvendeleg til alle slags dessertar frå is, til kaker, pai og fruktsalatar. Hvis du skal laga eigen fruktsaus er bringebær, saman med litt bjørnebær og blåbær, ein fantastisk god saus til dei fleste dessertar og kaker.
Smoothies og juicing
Det er utrolig raskt å laga smoothies, og smaken av frisk frukt og bær er noko dei fleste elskar. Eller hvis du likar det litt mindre fyldig og mettande, er heimelaga bringebærjuice veldig godt.
Næringsinnhold
Bringebær ligg på ti-på-topp-lista over dei mest antioksidantrike matvarene me har (målt i forhold til ein normal porsjon). Bringebær er ei god kjelde til vitamin C og kostfiber, men inneheld desto meir av andre antioksidantar, nemlig fenoler. I tillegg inneheld bæra mindre mengder vitaminar og mineralar.
Helseeffekt
Antioksidantar beskyttar kroppen sitt vev mot skader frå frie radikaler. Disse vert danna ved normalt liv og aktivitet, men også ved stress, røyk, forurensing og solbestråling. Ein tommelfingerregel seier at jo mørkare farge frukta/grønnsakene/bæra har, desto meir antioksidanter inneheld den. Den flotte raudfargen på bringebæra fortel oss at her er det mykje fenoler å finna, spesielt antocyaniner og ellagsyre. Disse antioksidantane kan førebyggje kreft og hjartesjukdom. Ville bringebær har litt høgare antioksidantinnhald enn hagebær. Vitamin C fungerar også som ein antioksidant i kroppen, men har i tillegg andre oppgåver. Vitaminet er nødvendig for danning av bindevev i hud, sener og bein, det styrker immunforsvaret og fremmar opptaket av jern frå maten. Fenolene tåler godt frysing, mens vitamin C-innhaldet går ned. Analyser av fryste og ferske bringebær viser liten forskjell i antioksidantinnholdet, til tross av at vitamin C-innhaldet er lågare. Kostfiberet i bringebæra er gunstig for tarmhelsa og syrgjer for ei god fordøying.
Kilde er www.bama.no
Bringebærplanta stammar opprinneleg frå Asia og kom til Norden i starten av 1700-tallet. Men det var engelskmennene som fyrst starta opp med bringebærdyrking på 1600-tallet. Før det var det berre ville bringebær som vart brukt. I Norge skil me mellom villbringebær som veks i skogen og hagebringebær. Villbringebær er mindre, men har ein sterkere aroma enn hagebringebær. I butikkane vert det kun omsett hagebringebær. Mest vanleg i Norge er raude bringebær, men det finns også bringebær som er svarte, gule, oransje og kvite.Dei mest vanlege norske bringebærsortane:
GLEN AMPLE
Hovedsort til både konsum og industri. Modnar middels tidleg. Store raude bær med lang haldbarheit.
ASKER
Middels tidleg sort. Små, lyseraude og runde bær med god smak som kan minne om villbringebær.
VETEN
Tidlegare hovudsort med modningstid i siste halvdel av juli. Mørke og fine avlange, syrlege bær med svært gode konserveringseigenskaper, men dårlig egna til friskkonsum då bæra ofte vert blaute.
Bruksområde
Bringebær kan etast åleine eller sammen med andre bær, til is eller andre desserter. Friske bringebær kan også brukast som pynt på blautkaker eller saman med andre bær i pai. Svært godt også som kompott, til fromasj, fyll i blautkaker eller rullekaker.
Egenskaper
Bringebær inneheld rikeleg med antioksidanter, bl.a. vitamin C og E. Av mineral kan nemnast kalium, magnesium og kalsium, samt ein del folat og jern. Det vert sagt at bringebær kan ha ein virushemmande verknad.